
Det er ikkje berre-berre når kone og to ungar reiser vekk i tre veker. Det vert mindre (skikkeleg) matlaging enn vanleg (les: kjeks og sjokolade), og nokre av matvarene vert difor godt vaksne før dei vert tekne ut av kjøleskåpet og kasta. Kveldane veks også, og vert fort i det lengste laget. Men hallo, det er relativt reint og ryddig her likevel - takka vere hushjelp og barnepassar, som begge held meg i øyrene. Ikkje bokstavleg tala, altså.
Andreas og eg har det fint. Sjokoladebananar er tingen.
Og kor er så dei andre? I snøen på Sviland, naturlegvis. Tomas har vore på tre kontrollar av nyrene, og det ser ikkje altfor godt ut. Fleire av ekspertane har sagt at det ser ut til å måtta bli operasjon. Kva gjer me i så tilfelle? Ein operasjon medfører hyppige kontrollar i to-tre månader i etterkant, minst. Betyr det at me må bryta opp frå Arusha endå ein gong?
Førebels må me berre ta ein dag om gongen, og leggja det i hendene på han som har betre oversikt enn nokon av oss.
Etiketter: Hus og heim, Slappa, Twins, Verdt å vite
Etiketter: Tanzania, Verdt å vite
Det ser ut til at Hanna har lært seg empati, og dermed lever seg fullt og heilt inn i dei nedisa tilhøva i Noreg om dagen. Då me var på veg til butikken her om dagen, medan airconditionen i bilen kjempa med dei meir enn 30 gradene utanfor og afrikasola steika på det verste, kom det muntert frå baksetet:
Så kaldt det er, tiddelibom,
jeg kjenner det her - tiddelibom.
Jeg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og huttemegtu


