Mange takk til de av dere som er med og hjelper rektor Zakaria. Han er fortsatt på intensiven. Med meldinger om hjelp fra Noreg gjør en nå det en kan for å redde synet hans og stoppe indre blødninger - selv om det er dyrt. Utgiftene så langt har passert 30.000 NOK, men blir fort mye mer om det må opereres.
Zakaria ser nå ut til å være utenfor livsfare, men det er fortsatt mange valg som må tas. Legene mener å ha kontroll på det meste, men må gjøre en særlig innsats for å redde synet. Det ser ut til å være mulig om vi betaler og bruker den beste legen. Nevrokirurg er koblet inn for å overvåke synsnervene. Fremdeles vurderer en operasjon, fordi blodet presser på synsnervene.
Her er det bare pengene som snakker. Det koster også å følge ham opp kontinuerlig.
Et framskritt er det likevel at Zakaria nå virker mer klar enn tidligere.
Videre oppdateringer finner du ved å følge www.facebook.com/scripturemission (krever ikke innlogging)
Sider
tirsdag 13. april 2010
Me treng di hjelp - no!
Det er ikkje ofte me har spurt deg om hjelp på denne måten, men i dag ser me at det er heilt naudsynt.
På veg heim frå bibelskulesamling i Pokot i nordvest-Kenya på sundag, vart bilen frå Arusha utsett for ei kraftig trafikkulukke. I bilen sat fire tilsette ved bibelskulen på Wa'ama og vår eigen Per Ove "Peri" Malmin.
I nærleiken av byen Kisii i Kenya skulle dei passera ein traktor, men traktoren la seg plutseleg over i feil felt og pressa Landcruiseren ut av vegen. Bilen rulla rundt to gonger og landa på taket. Alle fem i bilen blei frakta til sjukehus i Kisii for natta, og så vidare til Nairobi i går.
Verst gjekk det ut over rektor Zakaria Dalleli, som har fått alvorlege hovudskadar. Han har fleire brot på skallen, og det er framleis uvisst korleis behovet er for operasjon. Synet hans er også råka.
Zakaria er 44 år, har kone og tre born. Han vert skildra som "ein enorm ressurs" ved bibelskulen på Wa'ama. Han sit i midten på biletet under.
Zakaria ligg no på eit godt, men dyrt sjukehus i Nairobi. Ettersom rektoren og familien hans sjølv ikkje har pengar til å dekkja sjukehuset, og det er avgrensa kva misjonen kan gjera i slike tilfelle, må dei som i dag er med han på sjukehuset ta mange harde val. Det er behov for fleire spesialistvurderingar - som alle kostar mykje pengar - og desse vurderingane vil avgjere om det er behov for operasjon, som igjen vil kosta mykje meir. Sjølv utan operasjon vil denne behandlinga vera langt utanfor familien si økonomiske bæreevne.
Det er difor me spør deg om hjelp. Først og fremst kan du be for rektor Zakaria. Men du kan også gi pengar til Scripture Mission sitt norske kontonummer 8220 02 91146 og merka betalinga "car accident". Dersom du set inn pengar, er det fint om du samstundes gi oss beskjed om det, slik at me så fort som mogeleg veit kva behandling me har råd til å gi Zakaria.
Me har ikkje oversikt over kor mykje det vil kosta nett no, men kan koma attende til det seinare.
Denne innsamlinga er ikkje i regi av NLM eller Scripture Mission, men skjer i forståing med både regionsstyret sin formann og stadleg representant i Aust-Afrika regionen.
På veg heim frå bibelskulesamling i Pokot i nordvest-Kenya på sundag, vart bilen frå Arusha utsett for ei kraftig trafikkulukke. I bilen sat fire tilsette ved bibelskulen på Wa'ama og vår eigen Per Ove "Peri" Malmin.
I nærleiken av byen Kisii i Kenya skulle dei passera ein traktor, men traktoren la seg plutseleg over i feil felt og pressa Landcruiseren ut av vegen. Bilen rulla rundt to gonger og landa på taket. Alle fem i bilen blei frakta til sjukehus i Kisii for natta, og så vidare til Nairobi i går.Verst gjekk det ut over rektor Zakaria Dalleli, som har fått alvorlege hovudskadar. Han har fleire brot på skallen, og det er framleis uvisst korleis behovet er for operasjon. Synet hans er også råka.
Zakaria er 44 år, har kone og tre born. Han vert skildra som "ein enorm ressurs" ved bibelskulen på Wa'ama. Han sit i midten på biletet under.
Zakaria ligg no på eit godt, men dyrt sjukehus i Nairobi. Ettersom rektoren og familien hans sjølv ikkje har pengar til å dekkja sjukehuset, og det er avgrensa kva misjonen kan gjera i slike tilfelle, må dei som i dag er med han på sjukehuset ta mange harde val. Det er behov for fleire spesialistvurderingar - som alle kostar mykje pengar - og desse vurderingane vil avgjere om det er behov for operasjon, som igjen vil kosta mykje meir. Sjølv utan operasjon vil denne behandlinga vera langt utanfor familien si økonomiske bæreevne.Det er difor me spør deg om hjelp. Først og fremst kan du be for rektor Zakaria. Men du kan også gi pengar til Scripture Mission sitt norske kontonummer 8220 02 91146 og merka betalinga "car accident". Dersom du set inn pengar, er det fint om du samstundes gi oss beskjed om det, slik at me så fort som mogeleg veit kva behandling me har råd til å gi Zakaria.
Me har ikkje oversikt over kor mykje det vil kosta nett no, men kan koma attende til det seinare.
Denne innsamlinga er ikkje i regi av NLM eller Scripture Mission, men skjer i forståing med både regionsstyret sin formann og stadleg representant i Aust-Afrika regionen.
søndag 28. mars 2010
Dei siste tider
Livet i Arusha har vore hektisk etter at me kom frå Noreg tidleg i februar.I hovudsak skuldast dette sjukdom. Nei, Inger Line er framleis ikkje gravid, men dei små ho fekk førre gong har sørga for at minst ein av oss har vore sjuk det meste av tida - og til tider alle på ein gong. Av det som har vore innomhus kan nemnast giardiaparasittar, øyrebetennelse, halsbetennelse, mage- og tarmvirus, barnemark og virus i luftvegane, i tillegg til ei rekke forkjølingar og nye tenner. Men dei siste dagane har livet vore aldeles herleg - med tre friske ungar og opplagde foreldre. Vonaleg held det fram slik endå halvannan månad til.
Exit Tanzania
Me har no einvegsbillett på fly til Noreg den 14. mai, saman med mamma og pappa Eggebø som då returnerer etter tre veker i det fagre landet. Me andre vil då ha greidd å runda ni månader i denne omgang.
Det meste har lagt seg skremmande godt til rettes før landing i Noreg denne gongen og - me har fått oss mellombels bustad medan bygginga pågår og Knut har fått seg jobb. Det einaste som manglar er ein relativt stor bil til ein overkomeleg pris og kvelds/helgejobb for Inger Line. Veit du om noko? Ta kontakt!
For siste gong - for denne gong
Inntil vidare tek me livet me ro. Hanna leikar vidare med både norske og Tanzanianske naboar, medan Andreas og Tomas har sett i gang ei rivande utvikling på snakke- og gåfronten så fort dei vart friske.
For oss vaksne er det no mykje som skal gjerast innan me reiser herifrå, både på kontoret og heimefronten. Sjølv om ei ny bok vil koma frå trykkeriet like over påske, skal nye omsetjingar setjast i gang. Og sjølv om gjestehuset no er ferdig oppussa, er det framleis mange småting som skal på plass før det er heilt hundre. Me skal pakka kring tre kubikkmeter bagasje som skal gå med konteiner frå Nairobi, i tillegg til 10 koffertar som skal sendast med folk på fly nordover. Me skal samstundes freista å nyta varmen og afrikalivet til fulle medan me framleis er her, og før me må ta til med avskjedar og alle andre slike småtriste «for-siste-gong-på-ei-god-stund»-ting.
Life must go on
Ikkje minst skal me freista å leggja alt best mogleg til rettes for dei som skal ta over etter oss. Det ser nemleg ut som om me får særs dugelege erstattarar, så akkurat den saka tek me med knusande ro. Dei gode naboane våre i familien Malmin blir også verande endå eit år, i tillegg til den trufaste nasjonale staben med Joakim og Melania i spissen.
Exit Tanzania
Me har no einvegsbillett på fly til Noreg den 14. mai, saman med mamma og pappa Eggebø som då returnerer etter tre veker i det fagre landet. Me andre vil då ha greidd å runda ni månader i denne omgang.Det meste har lagt seg skremmande godt til rettes før landing i Noreg denne gongen og - me har fått oss mellombels bustad medan bygginga pågår og Knut har fått seg jobb. Det einaste som manglar er ein relativt stor bil til ein overkomeleg pris og kvelds/helgejobb for Inger Line. Veit du om noko? Ta kontakt!
For siste gong - for denne gong
Inntil vidare tek me livet me ro. Hanna leikar vidare med både norske og Tanzanianske naboar, medan Andreas og Tomas har sett i gang ei rivande utvikling på snakke- og gåfronten så fort dei vart friske.
For oss vaksne er det no mykje som skal gjerast innan me reiser herifrå, både på kontoret og heimefronten. Sjølv om ei ny bok vil koma frå trykkeriet like over påske, skal nye omsetjingar setjast i gang. Og sjølv om gjestehuset no er ferdig oppussa, er det framleis mange småting som skal på plass før det er heilt hundre. Me skal pakka kring tre kubikkmeter bagasje som skal gå med konteiner frå Nairobi, i tillegg til 10 koffertar som skal sendast med folk på fly nordover. Me skal samstundes freista å nyta varmen og afrikalivet til fulle medan me framleis er her, og før me må ta til med avskjedar og alle andre slike småtriste «for-siste-gong-på-ei-god-stund»-ting.
Peri tek knekken på avocadotreet vårt, medan Hanna er i full gang med tønne-pakking.
Life must go on
Ikkje minst skal me freista å leggja alt best mogleg til rettes for dei som skal ta over etter oss. Det ser nemleg ut som om me får særs dugelege erstattarar, så akkurat den saka tek me med knusande ro. Dei gode naboane våre i familien Malmin blir også verande endå eit år, i tillegg til den trufaste nasjonale staben med Joakim og Melania i spissen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
