Sider

torsdag 11. januar 2007

Ein mann i kortbukser

Aftenbladet.no melder at Beckham vil setja ny lønsrekord i amerikansk idrett med sine nesten 1,6 milliardar kroner på fem år – altså ei årsløn på 312 millionar kroner.

Det betyr at Beckham vil ha ei vekeløn på 6 millionar kroner. Det betyr og at han vil tena 850.000 kroner kvar dag, at han vil ha ei timeløn på 36.5000 kroner, og at han vil ha ei løn på kring 600 kroner i minuttet. Ikkje så verst det, for ein mann i kortbukser.

Til samanlikning får underteikna kring 292.000 i året, som blir ei vekeløn på 5600 kroner. Det betyr at eg tener rundt 800 kroner kvar dag, at eg har ei timeløn på 100 kroner, altså ei løn på kring 1,66 kroner i minuttet.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Men du tar deg nok bere ut i undeboksa enn mr DB...dette e sjølsagt noge eg trur, og ikkje vett!
Og det viktigste: Du e ein møkje bere fotballspelar med dine kattemjuke finter og presise langpasninger.
Tenk ka du kunne blir hadde du innvia livet ditt te organisert fotball.

Anonym sa...

Tenk kva eg kunne blitt dersom eg fekk like mykje i løn som Beckham...

Anonym sa...

Det var det med å ikke samle seg skatter på jorda da... eller?

Anonym sa...

Treng ikkje samla på dei. Kan bruka dei med det same!

Anonym sa...

du ska få lønna di i himmær'n du, påsa'n!!