
Korleis kan ein på enklast vis ta livet av ein hund? Eller for den saks skyld fleire hundar? Og helst utan at eigarane legg merke til det?\
Grunnen til at eg - pasifist og militærnektar - stiller meg sjølv desse spørsmåla, er at eg dei tre-fire siste nettene knapt har hatt søvn på auga.
Årsak: Hundar.
Mange hundar.
Av ein eller annan grunn har dei mange hundre hundane (høyrest det ut som) i nabolaget bestemt seg for å bjeffa ustanseleg på nattestid. Dei bjeffar og bjeffar. Ingen slåssing eller annan action, berre bjeffing. Heilt meiningslaust, spør du meg. Og alt dette skjer utan at eigarane grip inn.
Difor er det på tide at eg gjer noko. OK, hundedrap er kanskje litt langt å gå.
Spørsmålet er berre: Kva gjer eg?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar