
Lake Manyara National Park + eigen bil + godt selskap = finfin dagstur.
Ein og ein halv time utanfor Arusha ligg nasjonalparken ved Lake Manyara. Me hadde få planar for søndagen, og tok difor med oss Therese Dirdal (kjærasten til eittåringen her i Arusha) på ein kjapp tur for å sjå litt på skapningane i parken. Særleg var me lystne på å sjå løver som klatrar i tre, eit syn som Lake Manyara er kjend for.
Den einaste løva me fekk sjå, var på ein plakat utanfor parken. Me såg derimot alvorleg store mengder elefantar, og dessutan akseptable flokkar med både sjiraff, flodhest, bøffel, bavianar, villsvin og gaselle. Men ingen av dei klatra i tre.
At lodgen heeeeilt innerst i parken ikkje kunne servera oss middag for ein overkommeleg pris, la ingen dempar på stemninga. Me tok kvar sin Cola i staden, medan me speida etter pyton-slangen som visstnok skulle halda hus i nærleiken. Såg ikkje den heller, men pytt pytt(on).
På veg heim kjøpte me oss raude bananar og såg på dei svært fargesterke blomane i flammetreet. Og snipp snapp snute.
1 kommentar:
Høyres ut som om dokke har det bra:) me gler oss så te å kome ner i Januar. Og kjempe kjekt at dokke ikkje e på språkskole på den tia alikevel!
Må Gud velsigna dokkE!
Legg inn en kommentar