
Dei to siste dagane har me teke imot nesten 15 000 biblar her på tomta. Salsverdien på desse ligg på godt over 100 millionar tanzania-shilling (det er 8 nullar...), dvs opp mot 500 000 norske kroner. Me ventar dessutan inn fleire biblar i dagane som kjem.Distribution manager Joakim Ami meiner at dette skal vere nok til uti august.
Det tanzanianske folk har ein enorm interesse for Guds ord, og ein ser ofte folk som sit og les midt på marknaden, i den vesle butikken sin eller i døropninga utanfor huset sitt. Det er stort å få vere med på å spre biblar på denne måten.

Men songbøkene har me litt lite av, berre rundt 16 000 att no. Der er me nok tome i løpet av eit par månader, vil eg tru. Neste opptrykk kjem ikkje før tre månader, og det er på stakkarslege 10 000. Det er Scripture Mission som står for trykkinga av desse bøkene, men kyrkja som har alle rettane. Og pampane der har ikkje latt oss få setja igang med trykking før no. Ein litt fortvila situasjon, ettersom ein del bispedøme set som krav at alle konfirmantar må ha songboka, viss ikkje blir dei ikkje konfirmerte. Eit bøneemne!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar