Sider

søndag 27. april 2008

Noko å skriva heim om

Misjonsbladet Utsyn er eit flott blad. Min favoritt (kanskje fordi eg er misjonær sjølv) er å sjå kor flinke dei ulike misjonærane er til å formidle opplevingane og tankane sine i møte med misjonsarbeidet. Eg ønsker at eg kunne skrive slikt sjølv! Eg som er journalist burde vel klare det?

Men arbeidsdagane mine her består stort sett av arbeid ved skrivepulten eller i kø inne på eit eller anna offentleg kontor her i byen for å ordne med diverse papir. Det er svært sjeldan eg møter menneske "på skikkeleg", får tid til å bli kjend med dei eller snakka med dei på eit djupare plan, slik at me får dela ting med kvarandre. Det er ikkje så mykje å skriva heim om, med andre ord. Skrivepulten min er ikkje så skrekkeleg spanande ...


Trass dette kjenner eg på at eg er med på noko viktig likevel. Kvart minutt eg bruker på administrasjonsarbeid for andre misjonærar her ute, er eit minutt meir tilgjengeleg for dei til å gjere arbeid i frontlinjene. Eg veit at bøkene me lagar blir lest av mange - kvar dag - sjølv om det er sjeldan me får høyre noko om resultata av det. Og dei kring 30.000 biblane me sel kvar år, har jo også ein del spirekraft i seg!


Så takk til Gud for at eg også får vere ei lita brikke i det store puslespelet Hans!

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratla med ny blogg. Lånte Hanna litt på fredag, utrolig koselig.