Sider

mandag 12. januar 2009

Be, så skal du få!


Torsdag sist veke var Tomas på sjukehuset for å få gjennmført det som skulle vera den siste og avgjerande undersøkjing av nyrer og urinleiarar. Tidlegare har me fått beskjed om at eitt sett (nyre og urinledar) ikkje fungerer i det heile teke og at eitt sett fungerer delvis. Når dei for ei stund sidan oppdaga at han har eit ekstra sett var håpet at dette siste skulle fungere normalt.

SIst undersøkjing viser truleg at to sett no fungerer normalt (!!!), medan eitt ikkje fungerer tilstrekkeleg. Det skal seiast at dei ikkje er hundre prosent sikre enno, og vil dobbeltsjekka dette om nye seks veker.
Dersom resultatet blir det same då, er det snakk om å bare fjerne det ekstra settet. Når veit me ikkje.

Dette er jo eit stort framsteg. Kan det skuldast forbøn? Det trur me.
TUSEN TAKK til alle dei mange som har vore med å bedd for Tomas!! Takk også for vidare forbøn.

Ingen kommentarer: