
Stakkar Hanna - det har vore litt for lite åtgaum på henne dei siste månadene, etter at tvillingane såg dagens lys. Difor set ho desto større pris på det når me kan gjera noko saman. I går hadde me teikneverkstad, der resultatet vart det vakre kunstverket "Elementene".
Dagens aktivitet var plastelina. Morgondagen kjenner ingen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar