
Akkurat originalt er det vel ikkje å seie at ein har hatt mykje å gjere dei siste månadene, men eg trur eg held meg på den rette sida av sanninga dersom eg seier at me har hatt både hendene og andre kroppsdelar fulle av meir eller mindre viktige arbeidsoppgåver sidan denne bloggen sist kunne kallast hyppig oppdatert. Jammen santen har det vore kjekt også, nesten heile tida.
Ei av hovudoppgåvene har naturlegvis vore å skaffe pengar nok til å halde liv i fem svoltne kroppar. Med to lønna jobbar (Tryggheim ungdomsskule 68,3% / Kristelig Pressekontor 40%) har det gått sånn tåleg. Her skal det seiast at læraryrket så absolutt har gitt meirsmak - og dette blir skrive allereie før den berykta lærarferien slår til for fullt. O sæle stund, fredag neste veke er dagen der, og eg reknar med at det strålande sommarveret finn vegen hit samstundes.All øvrig tid har gått med til å pleia kva det no måtte vera av andre behov denne kvintetten måtte ha. Og på den fronten har sjukdommar av ymse slag sørga for at det til ei kvar tid har vore minst ei medisinflaske på hylla (Tranflaska står forresten også der). Somme tider har eg nok tenkt at det er ei plage å vere trebarnsfar, men akk; dei er likevel den største kjelda til glede eg har.
Eg har ikkje tenkt å gi noko detaljoppsummering av dei siste tiders hendingar - eventuelt spesielt interesserte får heller ta direkte kontakt. Og i tilfelle blogge-lysta framleis held seg på dagens labre nivå, kan eg informere dei meir moderat interesserte om at dei neste månadene vil gå med til ein lengre tur oppover Vestlandet, i tillegg til å førebu flyreisa til heimen vår på sørlegare breddegrader (4. august).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar