Sider

søndag 9. august 2009

Home, sweet home Arusha

Endeleg er me heime att. Og me er i ferd med å koma på plass, sjølv om mykje har vore kaotisk - både i huset og i sinnet, som IL seier. Huset står her framleis, det meste av det me sette att før me reiste for halvanna år sidan er framleis brukande. Me har heller ikkje sett ein einaste skorpion innomhus denne første korte veka i Tanzania. Ingen løver heller, forresten.

Men det har vore hektisk likevel, og me har strevd med å halda hovudet heilt over vatnet. Så fort me kom oss på flyet, var Tomas feberheit og slapp. Me frykta det verste, men med det rette utstyret plassert i ei av dei mange handveskene (urinprøvepose og urinstix) kunne me kort tid etter avreise frå Amsterdam konstatera at det ikkje var infeksjon (men truleg tredagersfeberen). I tillegg fekk Hanna feber dagen etter at me kom hit. No er alle friske att, og dei har dessutan byrja roa seg på kvelds- og nattestid også. Heldigvis var mor og far med nedover. Eg kan ikkje forstå korleis me skulle klart oss utan dei desse første dagane.

Innimellom alt dette har me gjort spede forsøk på å pakka ut nokre av dei ti store og sju små koffertane me fekk med oss sørover (ALT kom fram). Me har allereie fått god bruk for dei tjukkaste plagga, for her har det vore like kjøleg som på ein gjennomsnittleg norsk sankthanskveld. I dag har me likevel hatt ein god og varm ettermiddag, og har endeleg fått kjent litt på det gode livet her ute. Gooood! Me er i ferd med å bryta vannskorpa.

NB! Hugs at me no har endra både postadresse og telefonnummer ... Sjå i margen!

Ingen kommentarer: