I denne omgang skal me derimot fortelja meir om kva som skjer på heimebane. Då far Indrebø var på vitjing i august, mura han opp ein ny sandkasse på utsida av huset. (Det er eit viktig poeng at denne er i murstein, ettersom termittar ville ete opp ein trekasse.) Sjølv om far bygde ferdig kassen, gjenstod likevel pussing, grunning og maling av overflata. Og ikkje minst: Me måtte jo ha sand oppi før det kunne kallast ein skikkeleg sandkasse! Siste lass vart kjørt på plass i går, og gleda var stor då Hanna kunne ta sine første spadetak i den mjuke sanden.

Men det stoggar ikkje der: Saman med det første regnet i den vesle regntida kom eit par fundiar (les: fagfolk/handverkarar) for å hjelpa oss med å laga «veg» frå kjøkkendøra vår og bort til dit bilen står + til vaskerommet. Slik vert det mindre «sorpe» under skoa og dermed mindre skit innandørs. Me er svært nøgde med resultatet.
Neste prosjekt er å få på plass endå meir plen ved kjøkkendøra + å jamna ut den me har.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar