Eg er ikkje ein av dei som filosoferar aller mest her i verda. Likevel må eg få lov av og til. Det hender at eg spør meg sjølv kvifor eg er her på kloden. Dersom eg trur på Jesus, har jo Gud fått det som han vil. Kvifor tek han meg ikkje like godt opp til himmelen med det same då? Kvifor tek han sjansen på å framleis ha meg gåande laus her i Oslo, nærmast vassande i freistingar av alle slag?
Eg berre spør.
4 kommentarer:
Følger du det resonnementet ender du opp med å anbefale abort... Hvis barn som ikke er døpt kommer til himlen da.
Hmmm... Som sagt; Eg berre spør. Men kjem barn som ikkje er døypte til himmelen? Kor nådig er Gud eigentleg? Eg berre spør.
Men påstanden: Dersom eg trur på Jesus, har jo Gud fått det som han vil. holder ikke: Gud vil også at du skal fortelle andre om Jesus!
Aha! Så det må altså vera grunnen til at eg framleis er her! At han vil at eg skal fortelje om han. Det bør vel kanskje få ein til å endre litt på prioriteringane...
Legg inn en kommentar