Sider

fredag 3. februar 2006

Hemmeleg tilhaldsstad

Det er litt flaut å jobba i misjonen. Me tener mindre enn folk flest, og misjonsfolket forventar nesten at me som jobbar fulltid der ikkje skal ha råd til det som andre, normale menneske tek seg råd til.

Difor er det litt vanskeleg for oss å ta ein hopp-på-tur til syden, for eksempel. Ikkje fordi det nødvendigvis er så dyrt, men fordi det ville gi "uheldige signal" til misjonsfolket.

Nå har jo fruen og eg vore på ein god del utanlandsturar det siste året, så då det før jul dukka opp billettar til Alicante for ein slikk og ingenting, tenkte me først at me ikkje kunne reisa. Men så tenkte me at me kunne ta turen utan at andre enn oss sjølv fekk vita om det. Så det gjorde me.

Eg må seie at det var ganske godt å få oppleve temperaturar opp mot 15 grader i januar. Og om ei veke tuslar eg rundt i Tanzania, kun iført shorts og sandalar ...
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, misjonsfolk skal helst reisa til misjonsmarka... Men det kan jo verta mykje sommar og sol av slikt også!

Anonym sa...

Misjonsfolket kan ta de "signalene" og døtte oppi ...