Sider

fredag 24. mars 2006

«Inger Line er påkøyrd og drepen»

Det var beskjeden herr Muff fekk frå kona si her om kvelden. Eller i alle fall den beskjeden han trudde han fekk. For alle uvitande lesarar er Inger Line namnet på kona mi.

Morgonen etter spurde Klaus Gunnar kona si - som er frå Suldal - om det berre var noko han hadde drøymt, eller om det verkeleg var slik at Inger Line var påkøyrd og drepen. Dei fekk aldri snakka ut om dette før herr Muff gjekk på jobb, noko som resulterte i at fru Muff gjekk heile dagen og trudde at Inger Line Indrebø var død. Mest truleg undra ho seg over kor mykje dei nå måtte punga ut med for blomar til gravferda.

Inger Line er ikkje død, altså.

Men fru Muff var faktisk sjølv skuld i forvirringa. Ho hadde sagt noko verkeleg trist til mannen sin kvelden i forvegen. Det har seg nemleg slik at gardskatten på heimegarden hennar langt inne i Suldal vart overkøyrd og drepen her om dagen.

Den omkomne katten heitte Engeline.

(historia er nesten sann)

1 kommentar:

Anonym sa...

Engeline - Inger Line... Huff! Får håpe dei ikkje gir eit slikt namn til den neste katta, og at Inger Line lever lengre enn den også, på trass av dei ni liv.