Sider

onsdag 5. april 2006

Ei SMS-historie

Dette er historia om korleis far (67) nesten sjekka opp ei dame frå Moss per SMS.

Far er pensjonist, og går kvar dag og ventar på at mor kjem heim frå jobb, slik at han kan lage middag til henne. Her om dagen skulle han sende tekstmelding til henne for å spørje etter kva tid ho kom heim.

"Kva tid kjem du?" skreiv han, og fekk fort svar tilbake: "Kven er du?"

Far tenkte at mor berre hadde gløymt nummeret på telefonen hans, så han svara "Ein elskar!" og tenkte at no måtte det gå eit lys opp for kjerringa. Ikkje lenge etter kom svaret inn: "Då kjem eg ikkje!"

Då sansa far seg, og spurde seg sjølv om han kanskje kunne ha sendt meldingane til feil person. Han forta seg på nettet for å sjekke nummeret. Ganske riktig: Det synte seg at det var ei dame i Moss.

Far ringde dama same dagen og fekk beklage at han hadde uroa henne ...

6 kommentarer:

Anonym sa...

Herlig - ringer og ordner opp! Skulle likt å høyre den samtala!

Anonym sa...

Modern times is difficult...

Herlig historie

Anonym sa...

Trur at det er hendingar som denne som la grunnen for den populære og suverene australske såpe-serien "Hverdagsliv"

Anonym sa...

Modent å ringe og beklage, istedenfor å sende melding. Men når man er pensjonist, så er man kanskje moden?

Anonym sa...

fantastisk historie! :D

Anonym sa...

Hehe :) Artig. Bra at han ringte og fikk beroliget damen.