
Tur/retur Oslo-Fredrikshavn. 24 timar. Saman med ein haug minstepensjonistar og styret i Kristelig Pressekontor. Grøss.
Altså, styremøtet var spanande. Ingenting gale med det. Men desse minstepensjonistane får meg verkeleg til å lura.
Dersom så mange folk er villige til å ta båten 12 timar kvar veg, berre for å få kjøpt seg kjøt, sprit og tobakk nokre hundrelappar billegare enn på lokalbutikken, må det anten vere noko alvorleg gale med fedrelandet, eller så er det noko alvorleg gale med desse menneska. Eg held ein knapp på det siste.
Ei lite kristeleg haldning?
5 kommentarer:
Det er da vel ikke bare minstepensjonistene som gjør det?
I alle fall ikke fra Sørlandets hovedstad.
Så da må det kanskje ha noe med fedrelandet å gjøre....?!?
Jostein
nå fyst har eg registrert at du har opparbida dg nok ein blogg. Bra jobbaz!
Sakte, Leif. Det går sakte med deg.
Høyrer rykte om at du har fått deg ein drittjobb i Oslo. Gratulerer!
Det kan kje vara ønske om å ha dansk jord onda storatåe så e årsaken te utfartstrangen?
Kan eg aldri tenka meg. Det var i så tilfelle ei kort glede: Me var berre i land ein dryg time.
Legg inn en kommentar