Sider

tirsdag 16. mai 2006

Grandhagen omtalte UogT i bibelundervisning

Tysdag føremiddag brukte tidlegare generalsekretær i NLM, Egil Grandhagen, bladet Ungdom og Tiden som døme i ei forelesing om Apostelgjerningane på Fjellhaug Misjonshøgskule.

Den tidlegare general-sekretæren hadde i over ein time undervist om korleis Paulus si forkynning overfor ikkje-religiøse var lagt opp, då han plutseleg trakk fram Ungdom og Tiden som døme på korleis Paulus sine metodar kan bli nytta i det postmoderne samfunnet.

Redaktøren for bladet, Knut Reier Indrebø, vart i etterkant kontakta med spørsmål om kor mykje han hadde betalt for å få til ei slik produktplassering.

- Ingen kommentar, svarer Indrebø i ei pressemelding.

2 kommentarer:

Anonym sa...

FOR ET KONGEBILDE! Grandhagen dekker hele siden, og bildeteksten er "Halleluja"!

U&T er uten like!

A.

Anonym sa...

Eg er sjeleglad for at brillemotane har endra seg sidan den gong.