Sider

mandag 5. juni 2006

«Enkel matlaging»


Kva slag åndsamøbar er det som skriv kokebøkene her i landet? «Ta ditt og ta ditt i ein bolle. Visp, og vips så skal alt vere OK.» Det høyrest så lett ut.

Men det er berre tull.

Det finst ingenting som heiter enkel matlaging. Basta. Eller: Det er enkelt nok å blanda to desiliter mjøl med fem egg, to teskeier sukker og ei spiseskei bakepulver.

Men er det nokon som har tenkt over at ingrediensene må vere på plass først? Matvarene er ikkje i skåpet mitt berre fordi dei er omtala i kokeboka. Dei må kome ein plass frå. Dei må handlast i butikken.

Pes.

Går frå jobb og er trøytt og sliten. Har ei tung PC-veske hengande over skuldra. Så må eg altså innom Meny for å handla med meg to store posar ingredienser før eg kan gå heim. Der må eg manøvrera mellom gamle damer som ikkje har kontroll på handlevognene sine og småbarnsforeldre med barnevogn (som sjølvsagt ikkje tek omsyn til andre) for å finne ei matvare som dei er utselde for.

Så er det å stå i kø bak dei same minstepensjonistane og småbarnsforeldrene før eg kjem meg gjennom kassa og kan sikta mot 20-bussen. Den er jo sjølvsagt full av barnevogner og gamle folk (som må ha sitjeplassane), og eg og handleposane må stå heile den 20 minutt lange og humpete bussturen heim.

Dette seier ikkje kokebøkene eit ord om.

14 kommentarer:

Anonym sa...

Andre folk ser i skapene sine hva de har, også lager de mat ut fra det. Deretter handler man litt av ting man vet man trenger med jamne mellomrom. Og selvfølgelig tar man med seg barnevogn når man handler, dersom man har det - da får man jo sitteplass på bussen! Tenk å la livet sitt styres av ei kokebok! Stakkars deg, jeg føler med deg!

Gjermund

Anonym sa...

Jaja, men nå skal vel familien Reidar begynne å kjøre til jobb så da bliru kvitt det problemet. Ergrelse over kø på ring 2 tar over ...

Anonym sa...

Så sant! Og kva med alle ingrediensane ein ikkje ein gong har høyrt om!?

Anonym sa...

Kor finn ein for eksempel nougat i råvareform?

Anonym sa...

Jo, kvifor kun nynorsk i kommentarene på reier sin blog, men ikke ellers (les: din egen blog). Berre undrar ...?

Anonym sa...

Hald fram på hjartespråket, Jo! Ikkje lat deg presse av alle desse austlendingane. No er du jo flytta vestover i tillegg. Nynorsk for alle!

Anonym sa...

Hm...Bekymre meg for koss du ska bli på dine eldre dar!.. Syns du klage og kjefte vel møje allerede, og d pleie kje bli bere m årå, seie de..

Anonym sa...

Jambo..
eg støtte Kvam: å ha med barnevogn både på handletur og busstur er bra. Hvis det skulle være av interesse, så legger jeg snart ut en tvillingvogn til salgs, så kan du jo både ha med mat og barn på tur - juhu

kwaheri

Anonym sa...

Hvem har sagt at det er mannens oppgave å bla i kokebøker, handle matvarer eller lage middag for den saks skyld?

Anonym sa...

Jeg presser da ingen, stiller kun spm.tegn ved denne Jos tydelige splittelse når det gjelder bruk av språk ...

Anonym sa...

Laurdag hadde eg til liks med halve Oslo ikkje fått med meg at daglegvarebutikkane stengde tidlegare. Dette førte til at eg, til liks med halve Oslo, tok turen til Bunnpris på Bislett. (Etter å ha troppa opp på Rema 1000 16.15 - 15 min etter stengetid). På Bunnpris er slett ikkje prisane på botnen, og avstanden mellom reolane er på 20-30 cm. DET er noko å bli irritert over!

Anonym sa...

Åååååå. Det der høyrdest direkte vondt ut. Var det barnevogner på Bunnpris også?

Anonym sa...

Løsningen er å kjøpe store partier med kjøttdeig, spagetti og dolmiosaus... Det holder seg lenge, og de dagene du virkelig ikke orker å gå ut å handle så smeller du bare til med spagetti a'la Fjellhaug. Enkelt, greit og godt (ihvertfall de par første 20 gangene) :p

God middag!

Anonym sa...

Eigentleg er det kona som står for det meste av matlaginga. Men eg må som regel bidra med handlinga - både i gjennomføringsfasen og i det økonomiske.