
Onsdag: Husverten byr på ost! For ein fest! I sin iver går Mikke fem på, men får seg berre ein smekk på halen. Han piler frå huset, ikkje med halen mellom beina, men med halen dinglande bak seg og med fella på slep ... Tilbake sit Minni, forleten og sårbar.
Torsdag: Å, ulukke! Husverten har nok ein gong bydd på ost, og Minni har med rumlande mage takka ja til måltidet. Lite ana ho om husverten sine baktankar.
Snipp, snapp, snute - så var familien Mus ute!

OPPDATERING: Søndag
Ein halelaus Mikke vender attende til Lundegeilen. Kvifor? Av sakn etter Minni? På jakt etter mat? Eg veit ikkje. Men svolten må han ha vore, for han går på det same trikset ein gong til, denne gongen med hovudet først ... Og snipp, snapp, snute - så var familien Mus ute!
OPPDATERING IGJEN: Måndag
Minni sin fetter Morten stikk innom for å sjå til slekta. Han finn dei ikkje, men finn i staden eit festmåltid av dei sjeldne. Ein ostebit! Og med eitt vert alt svart. Og snipp, snapp ...
12 kommentarer:
Fantastisk!
Jeg hører det 5. bud i bakgrunnen her....
Tjaaa. Det kan vel diskuterast? Minni tok jo på sett og vis sjølvmord...
Åo mæn...!
når nettene blir lange og kulda setter inn...
bli'kke noe "skal alle sammen snart få feire jul igjen" på musefamilien her, nei...
God jul!
Anette: Siden du var så snill å kommentere her skal du få lov til å slippe til på lista igjen, OK. God ADVENT
å, jeg føler meg SÅ beæret som kom under "andre" som "RED-HEAD"!?!?
jo, da- der fikk du en kommentar til....
HAHAHAEHEHHHE! (ond latter)
Snipp og snapp er vel strengt tatt ekorn?
...Tyder den siste oppdateringa på at du fangar EKORN i MUSEFELLER?
gisp
Nei, du må jo lesa kva som står: Mikke, Minni og Morten Mus er tekne i fella. Eg ventar framleis på Snipp og Snapp.
kor mange har dåke no? me er oppe i fem
Legg inn en kommentar