Sider

lørdag 23. desember 2006

Eit tre i stova

Kor i Bibelen er det det står om juletreet? Vart det skapt på andre eller tredje dagen? Og kva rolle spelte det i stallen i Betlehem for å få ei slik viktig rolle i julefeiringa vår?

Er det lenger nokon som hugsar kvifor me kvar jul betalar pengar for å få skogen inn i stova, og at me deretter pyntar han med alle slag juggel? I 14 dagar står det der, ofte på den finaste staden i stova (midt i vegen, eigentleg), og før første veka i det nye året er unnagjort er alle like ivrige for å få det ut att som dei var for å få det inn.

Eigentleg ganske tullete.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Bibelen er nok kanskje litt kritisk til juletrær. Teksten i Jeremia 10:3-4 kan knyttes opp til saken, men det er kanskje en litt liberal tolkning. Ellers har det jo sin sjarm, og pynten illustrer mye av julebudskapet. Lysene illustrer Jesus, verdens lys, kulene - jorden, lenkene - fellesskap, halmfigurer-krybben, stjernen-stjernen osv. osb. Så det har kanskje et pedagogisk poeng???

Anonym sa...

...I 14 dagar? Seriøst? Vi har det ei veke. Toppen (Bech). Trur eg.

Anonym sa...

Ja!!! - Jeg syntes igrunn symbolikken til Heldags var tynn! Hva i all verden er nytteverdien i de runde kulene man henger opp på treet? Og hva i all verden gjør juletreet der hvor krybben skulle stå?

Anonym sa...

Trettende dag jul skal treet ut. Det vert 6. januar. Det er tradisjonen i frå veldig gamle dagar.

Anonym sa...

Nei!! det er helt feil!! treet skal ut 20. dag jul, altså 13. januar. skal det være SÅ SKAL DET VÆRE. hilsen julepolitiet..

Anonym sa...

Eg ville jo helst ikkje hatt treet inn i det heile tatt. Dermed hadde det ikkje vore noko case kva tid det skal ut att...

Anonym sa...

...vårt byrja drysse i går. julaftan. Dagen etter at vi tok det inn. Det var jo å "køyre på ei kule" eller "å gå på ein smell", om du vil.

Anonym sa...

Noko som viser at juletre både strir mot naturen og fornufta.

Anonym sa...

Hørte at Luther fant opp julepynten. Ellers interessant med Jer 10:3-4..