Sider

søndag 31. desember 2006

Prakt, pomp, brask og bram

Det er mykje her i verda som eg ikkje forstår. Eg veit for eksempel kva prakt er, men har ikkje snøring på kva pomp betyr. Kva er brask, og kva er bram? Når ein snakkar om at nokon reiser i hui og hast - kva er hui? Ro og mak?

9 kommentarer:

Anonym sa...

I uttrykket pikk og pakk, forstår eg begge orda. Men eg forstår ikkje korleis det har kome inn i daglegtalen.

Anonym sa...

Snakkar me her/no om Reider's julenøtter spesial?
Ja noko må ein fordrive jula med. Er ikkje bra med så mykje fritid på ein gong. Undras om ein kan få lov til å flytta noko av fridagana utover i året. Då vil eg ha 3. juledagsfrien min ette Kristi himmelfartsdag då noko alltid dykke opp på jobben. Så har eg då skjønt at det ikkje er alt eg skal skjønna ;-)
GODT NYTT ÅR TE DEG! Helsing ihuga lesar.

Anonym sa...

På fjernsyn? Nei, faktisk ikkje! Kva program? Vart det gitt nokre svar på kva orda betyr der? Godt nyttår til deg og!

Anonym sa...

Eg lure på ke fro betyr, i "Tålmodig, sterk og fro"

Anonym sa...

Godt spørsmål, Toril! Men eg har ingen svar...

Anonym sa...

fro er et gammelt norsk ord som betyr glad, tipper at det er i slekt med tysk Freude(en glede)/freuen (å glede)

Anonym sa...

Det var svar på eitt av orda. (Takk skal du ha!) Då gjenstår berre resten...

Anonym sa...

tort og svie... eg bare spør

Anonym sa...

Svie er vel greit. Men tort?