Sider

mandag 8. januar 2007

Dei uskrivne kino-reglane


Etter å ha opplevd litt av kvart under det som skulle vera ein romantisk frikveld på kino, vil eg med dette få opplysa om det eg meiner bør vera sjølvsagt kino-kotyme. 10 uskrivne reglar som frå no av er nedskrivne.
  1. Pass på at heile boblejakka di ligg innanfor ditt tilmålte område av kinosalen, slik at naboen kan få bruke sin del som han/ho vil.
  2. Ikkje ta med deg matvarer med sterk lukt inn i kinosalen, som til dømes salami eller baconchips.
  3. Ikkje smul popcorn, baconchips eller salami på naboen.
  4. Hald deg for munnen når du hostar. Særleg dersom du har munnen full av popcorn og baconchips.
  5. Ikkje snakk høgt etter at filmen har begynt. Driv heller ikkje simultanoversetjing til portugisisk under heile forestillinga.
  6. Ikkje syng. I alle fall ikkje på portugisisk.
  7. Skru telefonen av under filmen. Dersom du har han på, skru i alle fall av lyden.
  8. Dersom du skulle gløyma å skru av telefonen og han ved ei ulukke skulle ringja, avvis anropet. Dersom du berre ta ein telefon som ringjer, snakk så lågt som mogeleg. Ikkje rop på portugisisk i alle fall.
  9. Ikkje gå ut og inn av kinosalen fleire gonger under filmen.
  10. Dersom du må le, gjer det på dei rette stadene.

14 kommentarer:

Anonym sa...

Kan et alternativ vara å legga boblejakka igjen hima?

Anonym sa...

Definitivt. Hjelpe jo ikkje at vedkommande som sat ved sida av meg var stor som ein tungvektsboksar...

Anonym sa...

Takk....

Anonym sa...

På andre sida, så klart! Mitt lille lykketroll...

Anonym sa...

Eg tek det for gitt at Plinge ikkje hadde med seg salami, og at der er nokon andre du snakkar om. Salami?? På kino?

Når det gjeld alle rasistiske kommentarar om andre språk, vil eg spørje deg: Hadde det vore betre om alt dette hadde blitt sagt på Nibbe-dialekt? Neppe.

Ellers fornuftige reglar.

Anonym sa...

Vedkommande hadde jo sjølvsagt ikkje med seg salami, ditt fjols. Dette er jo berre eit døme på ei matvare med sterk lukt - og som altså ikkje bør tas med på kino.

Men det er eit faktum at naboen min (ikkje IL altså) simultanoversette til portugisisk. Dette er også årsaka til at akkurat dette språket er namngjeve. Hadde vore litt tullete å simultanoversetja til Nærbø-dialekt. Eller Finnøysk for den saks skuld.

Anonym sa...

Portugisisk! Kan eg spørje kva film det var?
og forøvrig. du har ikkje noko makt over meg lenger. Eg har signert papirer som tilseier dette. Korleis kjennes det?

eg tykkjer det er ei lette.

Anonym sa...

Har eg nokon gong hatt makt over deg? Når var det?

Filmen var ein av dine filmar: The Holiday. Skulle vore litt sånn små-romantisk, vart det altså ikkje.

Anonym sa...

okei, du har vel kanskje aldri hatt det. det stemmer.
uansett er det ei lette...? heh.
eventuelt: skulle du ikkje ønske at du kunne ha truga meg med oppseiing?

ja. peace

Anonym sa...

En annen problemstilling i kinomørket: Hvordan skal jeg reagere når noen har det moro med å kaste M's i hodet på meg? (En stund siden jeg opplevde det nå altså, men det har skjedd.) Skal jeg reise meg og kjefte? Skal jeg vise knytteneve (synker ikke så dypt som å vise finger altså, selv om noen kanskje ville tydd til det), eller skal jeg overse dette? Kanskje ta opp problemstillingen etter forestillingen i form av en slags: "Hey, du som kaster M!!! Oss to - utenfor - NÅ!"? Noen forslag?

Anonym sa...

Sikkert en kjip opplevelse, Reier. Men absolutt et lesverdig blogginnlegg. Morsomt for oss andre iallefall.

Anonym sa...

Z: Eg har ingen gode forslag. Spørsmålet er heller: Kva gjorde du?

Vik: Kjipt ja. Særleg ettersom kinobesøka blir rimeleg sjeldne etter at me har blitt foreldre. Så nytt tida så lenge småen framleis er på innsida!

Anonym sa...

Jeg latet som om jeg var for tjukk i huet til å merke de sharde sjokoladekulene.Og valgte å se det fra den positive siden: Gratis godteri!!

Anonym sa...

Du treng jo ikkje lata som om du er tjukk i huet...