Eg har sidan bloggekarriera mi starta, vore prinsippfast på at det er eg og berre eg sjølv som er sjef på denne bloggen. Ergo er det eg sjølv som avgjer kva som skal stå her og det er eg sjølv som avgjer kor ofte det skal oppdaterast.
Men det må seiast at når kommentarane frå lesarane uteblir, då er det litt trist. Då kjenner eg på presset. Burde eg ha skrive om noko anna? Burde eg kanskje ha skrive litt oftare?
Eg held framleis fast på prinsippa mine, og held meg framleis til dei fantastiske blogge-reglane til familien Vik. Likevel innser eg at her må det skjerpings til.
8 kommentarer:
Du har jo ikkje akkurat vore et kommentar-fenomen på min blogg, heller. Lær av L. Ho er min mest trufaste lesar.
Du meiner at dersom eg kommenterer andre sine bloggar, så får eg kommentarar på min eigen?
Ja.Det er det eg meiner. Eg har blitt kjent med svært gilde mennesker på denne måten.
:-)
Oj, her kan eg spora ein liten indre konflikt ja... D vært interessant å fylja bloggen framover. (Men eg he vore trufast lesar sjølv om kommentarane ikkje he vore mange). Mykje avheng nok av emneval; skjelve, skjelve ;o)
Anonym 2
Dette er ein dramatiske utvikling...http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=171939...kjære mi tid!!
Javel? Du har begynt å interessera deg for FN sitt matvareprogram nå? Eller kanskje du egentlig hadde tenkt å linka te saken om at Knut er drapstrua?
Hmmmm...når eg går innpå linken så kjeme eg inn te den trua, men sie du hette Knut så får du jedna kje sjå på den siå
Legg inn en kommentar