Sider

lørdag 12. mai 2007

finn.no

Eg har bestemt meg.

Det kjem til å bli beinhardt, men eg trur det er verd det.

Eg er nemleg innehavar av utruleg mykje unyttig. Eller kanskje ikkje unyttig akkurat - men i alle fall ting som eg sjeldan eller aldri gjer meg bruk av. Gjenstandar. Ting. Som det er uhyre sjeldan eg ofrar så mykje som eit blikk på.

Men no har eg altså bestemt meg.

Eg skal freista å kvitta meg med minst ein fjerdedel av tinga eg eig. Og gå ut med gevinst.

Eg får jo ikkje noko av skrapet med meg til himmelen allikevel.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Me får det kje med oss. Det stemme. Det e så sant.

Anonym sa...

Då er me i gang: Har no selt ei av linsene til kameraet mitt. Gevinst: 1200 kroner, og fred i hjarta.

Anonym sa...

I løpet av ein måne så kjeme du te å tenka "oi, for et motiv - ska barra finna linså...oi, nei. Den har jeg ikke sett"

Anonym sa...

Eg vil gjerne legge inn eit bod på den gjeve mageveska på biletet!

Anonym sa...

Godt å se at du gjør din innsats for å hjelpe din arbeidsgiver med de økonomiske vanskene de opplever for tiden... Stå på:)

Anonym sa...

No hadde eg eigentleg ikkje tenkt å gi pengane til misjonen... Men når du seier det slik, bør eg vel kanskje ta det opp til vurdering.

Anonym sa...

Å, dette høres ut som en kanonidé.

Er det stress å få det gjennomført?

Anonym sa...

Dette går dårleg. Tenkte ei stund på å selja ein god del av bøkene mine, ettersom eg aldri kjem til å lesa dei to gonger uansett. Men eg klarer det liksom ikkje. Veit ikkje i kva ende eg skal begynne. Nokon som har lyst på ei bok?