Jepp, me er på plass i Brighton for dei neste fem vekene. IL byrjar på språkskule måndag, medan underteikna skal vera barnevakt. Så langt har me hatt det ganske så strålande, med fint, varmt ver og late dagar.Men ein del sentrale faktorar i engelskmenn sine liv forundrar oss: Kvifor vil ikkje engelskmenn bruke dyne? Korleis overlever dei under berre eit tynt laken? Og mest av alt: Korleis i alle dagar klarar dei å sove under felles laken med ektemaken? (det fine rimet der på slutten var berre flaks)
Etter eit par grufulle netter her (senga vår er dessutan på ca 1,30 m bredde), såg me oss nøydde til å gå til innkjøp av dyner. No er alt så mykje, mykje betre....
3 kommentarer:
Hehe. Den senga ser gjenkjennelig ut. Men du, eg hørte ikkje Jørn klaga så mye over den litla sengå. Og kor stor ikkje han i forhold til deg?!? Kos dokk videre i Brighton.
Bare så det skal vera klart: Eg har IKKJE klaga over størrelsen på senga.
Hei Knut og IL. Håper dere har det bra i England! Vi har det bra i Ørsdalen. Sparkling og pussing, men det går framover. Vi snakkes!! PS. MSN er totalt sperret på den nye jobben. Synd, men sånn er det når paranoiaen hos ivrige IT-folk tar overhånd. Hils prinsessa!
Legg inn en kommentar