Sider

lørdag 18. august 2007

Homo-hovudstaden


Av dryge 200 000 innbyggarar her i Brighton, er ikkje mindre enn
40 000 homofile (i følge Lonely Planet). Det er ein god del, det. Sannsynlegvis er det lettare å få auge på eit åpenbart homofilt par i bysentrum her enn det er å finna ein traktor på Jæren. Tenk litt på den ...

Eg må innrømma at eg ikkje heilt veit korleis eg skal møta homofile. Ja, eg er usikker. Eg ønskjer å møta dei med genuin kjærleik, som eit medmenneske som verkeleg bryr seg, Eg håpar inderleg det kan skina gjennom at eg også ser på homofile som det høgaste i skaparverket.

Samstundes er det klart at eg ikkje i det heile synest det er greit å leva i homofilt samliv. (Det står i Bibelen, ser du.) Eg vil ikkje på nokon måte vera med på å oppmuntra til det.

Vanskeleg, det der.

Av ein eller annan grunn har eg ikkje like store vanskar med å forholda meg til heterofile sambuarpar, sjølv om eg heller ikkje støttar deira samlivsform. Kvifor er det slik? Er eg ein homofob?

13 kommentarer:

Anonym sa...

åi, e tror e må forberede meg, kommer sikkert til å ha kronisk geitestirr og haka nede på knæra, har aldri sett slike greier jeg... hehe

Anonym sa...

Såså, det går så bra så.

Anonym sa...

Du er vel rimelig pop der du går åleina med Hanna på magen..

Anonym sa...

Har vært innom ei homse-bula i nærheten av piren engang. Det var ubevisst, men helt forferdelig. Eg seie det bare; se opp for bed and breakfast plassene!Annenhver av dem er suspekte! Hils masse til Hanna.

Anonym sa...

Aiaiai, Synnøve! Korleis var det no igjen med det der å møta andre menneske med kjærleik...? Du veit; alle i den "homse-bula" er elska av Gud, dei også... Tippar du ikkje hadde reagert på same måten dersom du var innom ei "sambuar-bule".

Anonym sa...

Ser at den forrige kommentaren var litt peikefinger-aktig. Men kluet er at eg reagerer på same måten som Synnøve - men at eg skulle ønska eg reagerte annleis. Eller kva seier du, Synnis? Tog du an?

Anonym sa...

Helt enig med du, Knut. Ikkje alltid lett å møte dei som e ulike oss med "kjærleik". Eg må jobbe masse med det. Godt du tar opp slike tema, så får du heller være litt kvass mot meg;)

Anonym sa...

Men du - barra for du har hørt ordet "guy" møkje i Brighton så betyr ikkje det nødvendigvis homo..på engelsk har ordet guy fleire betydningar. Kan det vara årsaken te et festlig snitt i tallmaterialet ditt?
Du får snakka me kånå de så faktisk går på språk
kurs

Anonym sa...

tar du alt som står i bibelen like alvorlig som det som står om homofile? Synes at mange kristne (ihvertfall de som jeg kjenner)plukker ut de deler som passer dem,(og som ikke rammer dem selv for hardt)og ignorerer det som ikke passer. Har du ellers tenkt over hvor vondt det er for en homofil å høre at hans/hennes kjærlighet er synd?

Anonym sa...

Hei Grymyrk! Eg synes som sagt dette er vanskeleg. Mange gonger skulle eg ønska at det stod noko anna i Bibelen enn det det gjer. Og så klart forstår eg at det må vera vanskeleg for homofile å høyra det! Men det gjer ikkje saka annleis likevel.

Eg er ingen teolog, og har sikkert ikkje den beste forklaringa på dette. Men lat meg seia det slik: Eg tek alt i Bibelen på alvor, og eg er overbevist om at alt som står i Bibelen er sant og til det beste for oss menneske - også det som står om homofile.

Når ein les Bibelen er det viktig å hugsa at det er skilnad på det som står i Det gamle testamentet (den gamle pakt - reglar og påbod som Israelsfolket måtte gjennomføra) og det som står i Det nye testamentet (den nye pakt - det som Jesus har gjort for oss). Ein god del av reglane og påboda frå GT blir erstatta, presisert eller forklart nærmare i NT.

Ingen menneske kan tilfredsstilla krava Bibelen stiller for å bli frelst. Men dei som trur på Jesus, bytter plass med han og blir tilrekna hans liv, som er perfekt. Og han tek altså dermed straffa for syndene våre. Men å gjera og leva i strid med hans vilje, er framleis synd. Det er framleis mot Guds vilje.

Eg har tru på at Gud, som elskar oss og som er så uendeleg mykje visare enn oss, vil det beste for oss. Difor trur eg at Hans vilje er god. Eg trur at retningslinjene i Bibelen er gode for oss, same om me menneske ikkje kan sjå eller forstå det.

Vonar du forstår litt meir kva eg meiner no, grymyrk, sjølv om eg surrar det til... Kjærleg helsing...

Anonym sa...

Forresten, grymyrk: I staden for å bli forvirra av mine rotete forklaringar, bør du heller kikka litt på denne nettstaden.

Anonym sa...

Jeg er fremdeles veldig uenig i sak, men forstår litt bedre grunnlaget for ditt syn.Din forklaring var forresten like god som de jeg fant på nettstedet du foreslo. Lykke til i Tanzania!

Anonym sa...

Takk for det, grymyrk! Og takk for at du også behandler meg med respekt, selv om vi ikke er helt enige.