
Når ein er langt heimefrå, hender det stundom at ein kan sakna saker og ting. Som for eksempel det å kunna ta på seg regnjakken og gå ein tur i duskregnet, eller det å drikka eit glas velsmakande vatn - rett frå springen.
Og det er vel særleg ulike variantar av mat og drikke som står på lista over ting me saknar, og øverst står sjokoladen. Tru meg: Du blir ikkje klar over kor godt Freia, Nidar og Hval smakar før du har vore heimanfrå ei god stund.
Difor var det reine julekvelden då me i går fekk pakke nesten full av sjokoladar heimanfrå. Salige stund.Takk til avsendar og budbringarar! Det varma.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar