Sider

lørdag 20. oktober 2007

Vatn - wasser - H2O - maji - water


Drikkevatnet i Oslo er visst ikkje heilt godt for tida. Og slikt skal ein ta på alvor, for det er jo ikkje kjekt å bli sjuk.

Likevel er det forunderleg korleis Oslo-folk tek på veg berre fordi dei må koka vatnet sitt litt før bruk. Slikt er daglegdags her i Arusha. Ikkje berre må me koka vatnet, men me bør helst filtrera det også.

No må du ikkje tru at det er synd på oss av den grunn. Me har det så bra, så! Dette med koking og filtrering har blitt ein del av rutinen vår allerede etter tre veker. Og når du er innstilt på det, så er det jo ikkje noko problem i det heile teke.

Sutrande Oslo-folk har eg med andre ord ikkje noko til overs for.

Ingen kommentarer: