Sider

lørdag 3. november 2007

Dei som bygger landet


Tanzania er eit rikt land når det gjeld naturressursar og -opplevingar. Likevel er landet det nest fattigaste i verda, målt i BNP per innbyggar (2002). Her finn du den største norske utanriksstasjonen utanfor EU og USA, dels fordi Tanzania er det landet som gjennom åra har motteke mest bistand frå Noreg - no ligg det på rundt 170 millionar NOK årleg.

Andre land gir mykje i bistand også, men likevel ser det ikkje ut til å gå noko særleg framover. Tanzania har i lang tid hatt stabil økonomisk vekst, men dette har ikkje kome den fattige delen av befolkinga til gode. Det er framleis vanskeleg for folk å få arbeid og løn nok til livets opphald. Infrastrukturen er dårleg. Politiet fungerer ikkje.

Tanzania treng nokon som kan byggja landet, slik besteforeldra våre gjorde i Noreg for ein mannsalder sidan. Her trengs ein heil generasjon med arbeidsfolk som tek i eit tak for å byggja ei framtid for etterkomarane sine.

Diverre forsvinn pengane som trengs til slikt arbeid på vegen, for det meste ned i private bukselommer. Først hos topp-politikarane, deretter hjå politioffiserar, byråkratar og biskopar. Dersom journalistar eller opposisjon stiller kritiske spørsmål, blir dei anten kjøpte og betalte, eller dei blir utsette for "ulukker". Folk flest synest å ha gitt opp å gjera noko - det er sjanselaust likevel.

Tanzania treng nokon som kan byggja landet. Men mest av alt treng landet å bli velsigna av han som står bak all sunn vekst. "Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja."

Ingen kommentarer: