Når du sit på terrassen i berre kortbuksa, og den klamme lufta rundt deg held dryge 30 grader, er det vanskeleg å finna den store julestemninga. Sjølv om julekakene og kaffien står på bordet ved sida av. Kanskje det er julebrusen som manglar?
Litt hjelper det jo at svigers hadde med seg pinnekjøt, mormor-ost og røykelaks frå Noreg. Og då mørkret senka seg og varmen jenka seg julekvelden, var det faktisk nesten som heime. I alle fall dersom du ser vekk frå juletreet i plastikk.Eg gjekk i pluss, i år igjen - takka vere ei kone som må ha ei botnlaus lommebok. Forstår ikkje kor den dama får pengane frå...
Eg har tenkt litt på det der med gåver denne jula. Du veit kor ubehageleg det er å få ei gåve utan at du har gitt noko attende til vedkomande? Slik er det ikkje for små ungar. Dei er like glade uansett. Kanskje det er noko slikt Jesus hadde i tanken då han sa: "Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det". Det er poenget med nåden: Å ta imot utan å måtta gi noko attende.
For øvrig kan det seiast at svært mykje her i huset har kome på stell etter at me har hatt vaktmeister nokre veker. Svigerfar har snekra, skrudd og saga heilt sidan han kom. I mellomtida sit eg her framfor dataen...
3 kommentarer:
Flott og se dere koser dere med besøk. Flotte bilder. Vi følger spent med hva som skjer i Kenya nå og ber om at alle må få kjenne trygghet og ro mitt i det vonde som skjer. Ønsker dere et godt arbeidsår med mye spennende utfordringer foran dere. Vi er glad dere er kommet til Arusha og følger med dere i tanker og bønn. Hils Joakim m familie. Ser frem å høre nytt fra Torunn og Terje når de landet i Norge.
Fam Helland på Grødem
Trur jammen du ligg i konkuranse med Torbjørn når det gjeld utforming av pepperkakehus!
Gildt å sjå og lesa om jula dåkkar (når lyden sviktar).
Fantastisk. Dokk e flotte alle sammen. Kos dere masse videre i varmen, og nyt tiden med familien. God jul videre.
Legg inn en kommentar