Me har slutta å snakka om kva tid Hanna får tenner. Det ser ikkje ut som om dei vil koma. Men no går det i det minste framover på ein del andre område.Hanna står no nesten like mykje som ho vil sitja. Nei, det var ei overdriving. Men ho står i alle fall mykje, og ho bablar i veg om både det eine og det andre, på noko som minnar voldsomt om iraq-språket.
Dessutan har ho blitt frykteleg sta, og er veldig medviten på kva ho vil og ikkje. Sist, men ikkje minst; Hanna har lært å lesa. Berre sjå på biletet over.Utanom alt dette, har ho no baka peparkaker for første gong, så no er alt klart for at mormor og morfar kjem på besøk på torsdag.
2 kommentarer:
Endelig er farmor også inne på bloggen. Du får nok tenner, Hanna, men du må slutte å putte allslags kryp i munnen først. Så får du si fra når du vil ha mer lesestoff, far har en del bøker liggende her, om disiippeltrening for eksempel.
Glad i deg.
Vannari heile tennene!
Men så FLOTT at du har begynt å lesa!
Du tenkjer nok på å bli lærar slik som mange andre i slekta!
Legg inn en kommentar