Sider

lørdag 1. desember 2007

Jegermeister

Jarle Vik med sitt andre bytte på mindre enn ein månad.

I går var eg for første gong i livet med på jakt. Eg fekk til og med skyta, for her i landet er det ikkje naudsynt med korkje jakt- eller jegerprøve. Men problemet mitt var at det var veldig lite dyr å skyta på, og at det eine skotet eg fyrte av, var på 200 meters avstand og med frisk bris frå sida. Med andre ord: Bomskot.

Heldigvis fekk begge dei to andre i jaktlaget kvar sitt dyr - Grant-gasellar - så då vart det litt kjøt på meg likevel. No har me allereie planlagt jakt att i juli, og då skal eg lova at eg kjem attende med minst ein gaselle, og helst ein gnu også.

Ingen kommentarer: