
Eg visste ikkje at passasjerfly kunne vera så små. Men då nabo og misjonspilot Eivind Johannes Lindtjørn ba meg og eit par andre med på flytur i mikroflyet sitt, fekk eg førstehands erfaring med flytypen.Eg stolar på Eivind, det er ikkje det. Eg var aldri særleg redd heller. Men likevel vart det eit par timar med intens bøn der oppe ved skyene.
Første del av turen var finfin. Stillare og roligare enn ei SAS-flyging mellom Oslo og Stavanger. 1,5 timar etter avgang frå Arusha stod eg med begge føtene planta i verdas einaste landsby-hovudstad, Dodoma. Alt var berre fryd og gaman då.Det var på siste del av flyturen eg vart dårleg. Kvalmen. Vondt i hovudet. På tur tilbake til Arusha dumpa me såvidt nedom i Haydom etter å ha flydd i låg høgd over toppen av Hanang-fjellet. Og etterpå siste etappe til Arusha.
Skrekk og gru så dårleg eg var. Skral. Sidan avgang frå heimen tidleg same dag, hadde eg nemleg berre fått i meg eit par flasker brus, ein bitteliten klatt med ris og bønner og litt vatn. Kombinert med 30 grader varme og humpetitten på flyet vart det ikkje bra.
Det er sant som dei seier: Helten duger ikkje utan mat og drikk(j)e.
Sjå fleire bilete frå flyturen her
2 kommentarer:
Det såg fantastisk kjekt ut! Godt du holder deg fast:)
Godt dette ikkje var meg! (Men det såg og høyrdest litt artig ut)
Håpar du har kome til hekter att!
Legg inn en kommentar