Sider

fredag 11. januar 2008

Soga om vegavgifta

Å betale vegavgift i Noreg skulle vere ei smal sak. Du gjer følgande:

Når det er tid for fornying, får du rekning i posten utan å ha lyfta ein finger.
Du betalar rekninga (i nettbanken), og ein månad seinare får du oblat-klistera i posten. Desse klistrar du på bilen.

Her i Tanzania er det litt annleis:

Du må sjølv følge med på når det er tid for fornying av vegavgifta.
Dersom det faktisk er på tide, må du først gå på eit lite kontor på eit av politihusa her i byen. Der betalar du 5000 Tshs og får med deg ei gul kvittering.
Kvitteringa tek du med deg til parkeringsplassen utanfor eit anna politihus i byen. Der står ein politimann som vil foreta ein sjekk av bilen (Tanzanias svar på EU-kontroll). Dette skjer gjerne ved at vedkommande høyrer etter at motoren sviv, og at lys, vindusviskarar og spylarvæske funkar. Mannen skriv så ut eit skjema som stadfestar at bilen er godkjent.
Du tek med deg skjemaet til skattekontoret, der du stiller deg i kø. Der står du gjerne eit par timar, før du slepp inn til ein kar som ser på vognkortet, skjemaet frå politiet og litt til, før han så skriv ut ei rekning til deg.
Rekninga tek du med til banken, der du står ein halvtime i kø før du får betalt.
Kvitteringa tek du med deg tilbake til kontoret i pkt 4, der du slepp inn etter å ha stått nye 1,5 timar i kø. Vedkommande får sjå kvitteringa, stiftar saman dei ulike arka han har fått av deg i løpet av dagen, og legg dei så i ei bunke. Du får så beskjed om å komme attende ein månad seinare for å hente eit klistermerke til å feste i frontruta.
Ein månad seinare troppar du opp på kontoret att, berre for å få vite at merket framleis ikkje er ferdig.
Etter å ha returnert til kontoret i pkt 4, 6 og 7 yttarlegare to eller tre gonger til, får du merket, som du deretter festar til frontruta.
Nokre månader seinare er det på tide å starte prosessen om att....

Kall meg gjerne ein etnosentrisk kulturimperialist, men eg føretrekk faktisk det norske systemet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Trøyst deg med at det berre er ei gong i året avgifta skal betalast!

Anonym sa...

Nå får du ufrivillig trening i tolmodighet - noe du kanskje senere i livet kan få kjempegod bruk for...

Anonym sa...

Din etnosentriske kulturimperialist! Så det så.. Velkommen i klubben, by the wayl.. En oppdager jo etterhvert at det er en eller to ting vi får til i Norge også.. Og så er det enkelte ting som er skikkelig teit også!

Anonym sa...

tenk alle de du kan snakke med i køen.... f.eks. om hvorfor du er i Tanzania!!! guds velsiginelse