På høg tid med ny oppdatering, det er sant. Så her kjem ei kjapp innføring i kva som har skjedd med oss sidan sist. Obs! Du som mottek infomailen frå oss får kanskje lesa om noko av dette om ikkje lenge.Travelt:
På grunn av uroa i Kenya, har nokre få oppgåver og tildels svært mange turistar kome denne vegen. Sidan byrjinga av januar har det så og seie vore fullt på gjestehuset kvar natt, og det er fullbooka ut februar. Neste helg kjem mellom anna feltstyret for å ha møtet sitt her. Triveleg med besøk, men det er slitsamt også.

Hanna:
I same perioden har Hanna for alvor byrja å gå. Dessutan har ho fått sine tre første tenner, noko som har gått ut over nattesøvnen til oss alle tre. Heldigvis har ho no fått seg barnepike - naboen vår Teddi, slik at Inger Line no er avlasta tre timar dagleg. Ho kan dermed ta meir del i arbeidet her på stasjonen.
"Ny" bil:Det svære, gamle droget av ein Landcruiser me har køyrt på den siste månaden, sliten og nesten utan fjøring att, sa me farvel til for ei vekes tid sidan. Han vart bytta ut med ein temmeleg ny og spretten HiLux. På den nye bilen er det ikkje berre mogeleg å ha intervall på vindusviskarane, men det er også eigne dører til baksetet, så operasjonen med å ta Hanna ut og inn av setet sitt har blitt ein god del enklare. For ikkje å snakka om kor enkelt det vil bli dersom det skulle dukka opp endå fleire familiemedlemmer.
Kvardagar:For øvrig kan me melda at kvardagane her i Afrika også har blitt kvardagar for oss. Det er ikkje lenger slik at me ser så mykje nytt og spanande kvar dag. Men det er framleis ting me gler oss til. Til dømes skal det bli stort å få to tønner frå Noreg, som kjem i ein konteiner til Haydom i desse dagar. Me gler oss også til påskeferie på Zanzibar, med påfølgande konferanse. Så er det språkskule att, før 17. mai er over oss for fullt. Og etter det - kven veit kva som skjer?
1 kommentar:
Du e så flink, Knut :)
Legg inn en kommentar