Eg har no hatt ei nær-presidenten-oppleving. Mr. Bush var i byen i går, og åt lunsj omlag ein kilometer herifrå. På grunn av denne eine personen stoppa heile byen opp i mange timar. Begge flyplassane i byen - den eine internasjonal - vart stengde store delar av dagen. Bush kom sjølv i kjempefuglen sin, dessutan kom endå eit par fly med bilane og staben hans.
Den eine store vegen som går gjennom byen og koplar oss saman med omverda vart også stengd i timesvis, og travle lastebilsjåførar måtte sjå langt etter den planen dei hadde om å koma seg til kysten eller til Nairobi i løpet av dagen.Samstundes vart det ein plutseleg mangel på fersk melk i byen, ettersom dei fleste melkebøndene frå Arumeru Hills ikkje kunne makta å koma seg inn til byen på sykkel endåtil.
Dagens aviser kom heller ikkje til byen før langt utpå ettermiddagen. Ingen av dei 40 daglege bussavgangane til Dar es Salaam kom seg heller avgarde. På same måte måtte dei rundt 300 bussavgangane mellom Arusha og Moshi kansellerast.
Dagens aviser kom heller ikkje til byen før langt utpå ettermiddagen. Ingen av dei 40 daglege bussavgangane til Dar es Salaam kom seg heller avgarde. På same måte måtte dei rundt 300 bussavgangane mellom Arusha og Moshi kansellerast.
Innanfor ein radius på 60 kilometer rundt den minste flyplassen i byen (rundt 8km frå bykjerna) var det forbod mot flytrening, handgliding, ballongferder eller andre luftige aktivitetar.
Mange skuleelevar og dei fleste arbeidstakarane i bykjerna makta ikkje å koma seg til jobb, ettersom dei fleste minibussane (dalla-dalla) og taxiane ikkje kom seg fram. Difor var også dei fleste butikkane i byen stengde. Som ein spøkelsesby.
På grunn av EIN mann.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar