Sider

mandag 14. juli 2008

Minneord ved Macs bortgang



Vår kjære og umistelege Macbook har gått bort etter kort tids sjukeleie, berre eit drygt år gammal.

Du gav oss mykje glede i di levetid. Me i familien Indrebø kosa oss saman med deg i mangfaldige timar - me har surfa på nettet, spelt god musikk, drive med ulike foto- og filmprosjekt og mykje, mykje anna saman, både på dag- og nattestid.

Difor var det med sorg me fekk beskjeden om at hovudkortet ditt var kaputt. Det skjedde berre så altfor tidleg. Det store spørsmålet er om me kan finna ei fullgod erstatning for deg.

Minnet ditt (harddisken) vil leva vidare mellom oss. Takk for alt!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg føle med dåkk i sorgen....

Anonym sa...

*snufs*