Sider

torsdag 3. juli 2008

Rett rundt svingen

Om berre fire månader bør det ha skjedd. Eg får heile magen full av både sommarfuglar og andre insekt berre ved tanken.
For all del; Det var ei omveltning av dei store sist gong også, ein milepæl i livet. Men me visste ikkje kva me gjekk til. Ikkje tale om at sjokket blir like stort denne gong.

Oh, happy day!

Javisst blir det endringar, ikkje minst fordi me blir så mange fleire. Og eg er klar over at det er negative sider og. Det blir kanskje litt meir urolege netter, og det blir heller ikkje like enkelt å få besøk av venner.

Men når me blir pensjonistar trur eg likevel me vil sjå tilbake på denne tida som nokre av dei beste dagane i våre liv.

Å salige stund!

Om fire månader bør me endeleg vere på plass i Arusha att!

Ingen kommentarer: