Sider

tirsdag 26. august 2008

Eg skal aldri klaga ...


... over at me er så heldige å kunne få barn. Men no er eg lei av graviditet. Altså; eg er jo ikkje gravid. Inger Line er gravid. Og eg er lei av at ho er gravid, viss du forstår.

Ho får ikkje sova om natta, så då må ho sova halve dagen i staden. Ikkje noko å klaga over, eg veit det, men eg er lei av det likevel. Eg er dessutan lei av at ho berre MÅ tygga på isbitar til alle døgnets tider (heilt grusom lyd), lei av at ho ikkje kan sitja eller gå særleg lenge i gongen, av at ho ikkje kan bæra noko som helst, og lei av å ikkje kunna planlegga noko framover, fordi me ikkje kan vita når fødselen skal skje. Og ikkje minst er eg lei av alt snakket hennar om kor lei ho er av å vera gravid.

Men eg skal ikkje klaga. Det er ikkje eg som er gravid. Inger Line har det mykje verre.

Og me er heldige.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Pole sana, Knut. Høres ikkje godt ut.. Men; "når enden er god, er allting godt!" Nyt de siste dagene bare med Hanna:)

Anonym sa...

Ja du ER heldig! Nå er vi i Nairobi og har spist nydelig middag hos Stavnes, veldig trivelig. Sjekk afrikaonline.no. Vi gleder oss til dere kommer ned med babyene!

Anonym sa...

De er så heldige! Fagre Afrika!