
Og så til noko som heilt sikkert ikkje sømer seg på ein misjonærblogg. Men eg treng råd, innspel og hjelp. Under det siste kveldsmøtet på UL, kjenner eg ei umiskjenneleg lukt. Eit av menneska i nærleiken av meg har altså avgitt flatulens. Forsiktig ser eg rundt meg, og oppdagar til mi store undring at eg er omringa av berre jenter. Interessant, tenker eg i mitt indre, før det sakte men sikkert går opp for meg at samtlege av jentene rundt meg også kjenner lukta og at samtlege av dei (utanom opphavspersonen, sjølvsagt) naturleg nok (?) har mistanke til den einaste guten i kretsen - altså meg.
Kva gjer ein i ein slik situasjon? Blir sitjande og forblir uskuldig dømt? Går frå åstaden og vonar at brotskvinna skal begå ein ny bommert i mitt fråvær? Reiser meg opp og erklærer høgt og tydeleg at eg er utan skuld?
5 kommentarer:
Det va meg.
Kva i all verden hadde du ete den dagen???
Makande.
Kva hadde du ete den dagen?
Eg hadde jo NØYAKTIG samme opplevelse på språklabben hausten 99...
Legg inn en kommentar