Sider

torsdag 28. august 2008

Sebrastriper


I dag er det minst ein middelaldrande sandnesmann som syns eg er ein dust. 

Han kom nemleg syklande ned vegen frå venstre ikledd sin tettsitjande trikot, og hadde rimeleg god fart mot sebrastripene like nedanfor. Mannen forventa nok at eg skulle stoppa då eg kom køyrande. Det gjorde eg ikkje, og trikotmannen måtte bråbremsa såpass kraftig at hjelmen datt ned i augene på han. Han vart sur.

I min barndom lærte eg at bilar ikkje har vikeplikt for syklande i fotgjengarfelt. Mr Hushovd-wannabe skulle altså ha hoppa av sykkelen og gått over. hadde eg stoppa. 

(Dette gjeld ikkje i Afrika. Men der er det ingen som syklar i trikot heller. Hah, det skulle tatt seg ut!)

Er ikkje dette barnelærdom? Eg hadde rett og supersykkelmannen feil. Eller?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Trur nok syklisten hadde feil... Viss eg ikkje tar heilt feil så har d vore ein forandring i reglane der! :)

Du vett, d e ganske lenge si me fekk lappen!!!

Anonym sa...

Jeg forstår både deg og ham, men synes det ville vært en ærlig sak om du tok deg tid til å forklare ham årsaken. Middelaldrende menn med tettsittende utstyr er en utsatt gruppe i samfunnet, og slik må det bare være.