Sider

fredag 12. september 2008

Homecoming Series


Tvillingane er i hus, og galskapen er komplett. Me visste jo at det ville bli travelt med tvillingar, men eg var ikkje klar over kor frustrerande ofte eg skulle vera i stuss om kven som er kven av dei. Heldigvis er framleis Andreas litt gulare enn lillebroren, som resultat frå gulsott tidlegare i veka. Så me held såvidt styringa.

Men kva skal me gjera den dagen storebror får normal farge igjen? Kjem Andreas til å bli Tomas og Tomas til å bli Andreas? Bør me setja merkelappar på dei for å ha kontroll over kven som har kva for eit fødselsnummer?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Tja, noko bør de vel gjera.....treng ikkje helpa dei til å seinare forvirra dykk og alle andre....

Anonym sa...

Hei!

Gratulerer med tvillingane! Reknar med det er travelt, men håpar det likevel er morosamt! Eg veit ikkje om dei er einegga eller to-egga, men ut i frå bileta likna Tomas på Faren og Andreas på mora! Håpar alt går bra med dykk! Skal helse fra Gjermund.

Helsing Kjersti

Anonym sa...

Travelt? Ja. Det kjennest som om eg ikkje har sove dei siste fire døgna. Men ein skal vel ikkje klaga over to såpass vakre avkom...