
Det er eg som er i svime, altså, ikkje denne karen.
Kvifor ta narkotiske stoff når ein i staden kan bli tvillingfar? For min eigen del kjennest det som om eit lågtrykk med tungt skydekke har teke oppstilling mellom øyrene mine. Om dette skuldast mangelen på søvn eller den store mengda innsniffa bæsjelukt, er eg litt usikker på. I alle tilfelle kjennest det som om kroppen og hovudet er to vidt forskjellige stader. Sjølv er eg til stades reint fysisk, men medvitet og tankane mine (innsida av hovudet mitt) veit eg ikkje heilt kor har blitt av. Det ligg i alle fall på etterskot, kanskje er det heilt ute på tur.
Dessutan kan eg fortelje deg at tvillingfedre får mykje meir ut av døgnet enn andre. Søvn er oppskrytt. Med kortare netter blir dagane så mykje lenger og meir innhaldsrike. No skal eg innrømma at også timane i søvn er herlege, då eg drøymer om tutteflasker, gulping, skriking og bleieskift.
Livet er herleg, folkens.
Eg trur for øvrig snart at denne bloggen bør døypast om til Babybloggen.
3 kommentarer:
er det så hardt å vere tvillingfar altså?det trur eg ikkje mannen min er einig i....han sov stort sett heile netter han,for han kunne jo ikkje amme...Lykke til vidare med dei to små,det går nok bedre etterkvart!!
Då er det ein STOR forskjell på meg og mannen din. For ettersom mine to søner må ha ekstra flaskemelk, ER det faktisk bruk for meg også under amminga - både dag og natt. Ein vakker dag sluttar dei nok med flaske - å salige stund!
Ja og den dagen dei sluttar med det kjem du kanskje til å sakne det!!Du må nyte tida mens dei er små,det går ALTFOR fort!Mine 2 er 1 år i morgon,eg veit ikkje kor det året vart av!
Legg inn en kommentar