
Søndag var den store dagen for Tomas og Andreas. Sjølv om dei begge sov seg gjennom store delar av dåpsdagen, har no det store skjedd at dei begge har blitt del av Guds truande kyrkjelyd, heilt utan å gjere noko for det sjølv.
Nettopp det siste der har oppteke tankane mine i det siste. Dei to rakkarane - som ikkje gjer stort anna enn å eta, bæsja, sova og å halda meg vaken om nettene - er faktisk førebilete for oss alle når det gjeld korleis me skal ta imot trua på Jesus. Meisteren seier sjølv:
«Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.» (Matt 18)
Heilt hjelpelause, som tek imot det Jesus vil gi utan eingong å prøva å gjera oss fortente til det - slik vil han ha oss.
Forresten så har Tomas fått seg måne. Og her er det ingen sjanse for å skjule det bak ein hentesveis.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar