Sider

onsdag 14. april 2010

Eit forunderleg døger

Bilulykka på søndag påførde rektor Zakaria Dalleli store hovudskadar. Då det tidleg i går blei klart for oss at han hadde behov for omfattande undersøkingar og behandling, var situasjonen temmeleg kaotisk. Hadde me pengar til å gjennomføra den naudsynte behandlinga? Kven skulle eventuelt betala? Og ville me få dette klart tidsnok til at han kunne bli behandla i tide?


På dei store og gode sjukehusa i Nairobi er det berre pengar som gjeld. Då Zakaria kom inn dit måndag morgon, vart det ikkje gjort noko særleg med han før sjukehuset hadde fått pengar inn på konto. Sjølv om han kom til sjukehuset allereie i 10-tida om morgonen, kom han likevel ikkje i CT-skanning før klokka seks om ettermiddagen.

Ulykka skjedde med vår bil på ein tur i Scripture Mission sin regi, men korkje Scripture Mission eller NLM hadde noko formelt ansvar for å ta på seg betalinga for ei slik behandling, og det var heller ikkje pengar på budsjetta til å dekkja noko slikt.

Sjølv om me ikke hadde noko formelt ansvar, var det moralske ansvaret desto større. På generelt grunnlag er me skeptiske til at misjonærar startar eigne innsamlingar parallelt med misjonen sitt eige arbeid. Men vårt moralske ansvar i denne samanhengen gjorde at me syntest det var riktig at me som misjonærar i Arusha brukte våre nettverk for å sikra Zakaria den naudsynte behandlinga. Både stadleg representant og regionsstyret sin formann hadde forståing for dette.

Imens låg rektoren på sjukehus i Nairobi og gjekk gjennom fleire undersøkingar. Fram til i går ettermiddag var det framleis uvisst om han måtte opererast for å stoppa blødningar og redda synet. Det var og lenge snakk om hudtransplantasjonar, ettersom mykje hud i andletet og hovudet var øydelagd. Når me samstundes fekk inn stadige meldingar om gåver frå Noreg, gjorde det at me heile tida kunne velja dei beste alternativa for Zakaria, selvfølgeleg utan å overdriva.

Eit drygt døger etter at me ga meldingar heimover om behov for forbøn og pengar, har me no fått beskjed om gåver på minst 110.000 norske kroner. Ein fantastisk respons, og me har mange gonger vore stumme av undring over det Gud har gjort gjennom dykk. Slik me forstår det, skal dette vera nok til å dekkja sjukehusutgiftene samt transport mellom sjukehusa.

Zakaria blir her teken inn i flyet som frakta han frå Kisii til Nairobi

Og gjennom bøn har Gud handla, slik at Zakaria ikkje treng operasjon og i dag er god nok til å bli transportert i fly frå Nairobi til Haydom Lutheran Hospital i Tanzania. Der vil han bli teken godt hand om av dyktig helsepersonell, men også få sjansen til å sjå både kona og dei tre borna sine att. Haydom er eit godt sjukehus, men er langt billigare enn det han kom frå i Nairobi. Nokre utgifter vil det framleis vera, men me trur at det som er samla inn til no er tilstrekkeleg. Skulle det bli pengar til overs går desse til Waama bibelskule, som no har fått ekstra utfordringar i rektoren sitt fråvere.

Når me i familien Indrebø no snart avsluttar vår periode, er det godt å ha ei slik oppleving i bagasjen. Me visste det allereie, men har no fått det ytterlegare synleggjort at de verkeleg bryr dykk om det som skjer her, at de er handlekraftige, hjartevarme og gavmilde. Hjarteleg takk! Me ynskjer dykk det aller beste: Guds rike velsigning.

Ingen kommentarer: