
Endeleg - no er det ikkje lenge til me skal ta i bruk den fancy og stilfulle 2009-kunstkalenderen me fekk til jul. Før den tid er det på sin plass at også vi tek ei oppsummering av det gamle, eit år som for oss blei to timar lenger enn det som er vanleg.
(Dette året er gjennomgangen sterkt inspirert av Maria sin metode)
Årets...
Overrasking: At det var to i magen, og ikkje berre ein.
Kjipaste: Å bli forhindra frå å flytta tilbake til Tanzania, nok ein gong.
Tyngste: Siste to vekene av september, med eit snitt på 4,5 timar søvn i døgeret
Mest skuffande: Bryne FK
Mest irriterande: Syklistar i kondomdress
Drikke: Tangawizi. Ingen over, ingen ved sida.
Restaurant: Khan's mekaniskeKaffi: Vår eigen heimebrente
Gjensynsglede: Grovbrød med sirup
Snillaste: Foreldra våre. Har stilt opp i lassevis. Eldbjørg/Ole, Sissel/Morris, tante Liv, Jan Ove/Elisabeth og Synnøve kjem også inn her.
Mest effektive: Familien Malmin, som har gjort meir i Arusha på tre månader enn eg hadde drøymt om å få til på eit par år.
Dyraste desiliter: Då Hanna tømte vatn i dataen og hovudkortet rauk.
Finaste handskrift: Ettåring Trond i Arusha. Skulle trudd han brukte mikroskop og linjal.
Omfangsrike: Mengda med restavfall med tre bleieungar i huset.
Langdryge: Køane på skattekontoret og banken i Arusha.
Campingtur: Ut i bushen med Ove og Eivind. Ååååå...
TV-serie: McLeod's Daughters.
Lovsangsdans: Hanna på UL i Kongeparken.
Flytur: Arusha-Dodoma-Haydom-Arusha nesten uten mat og drikke.
Bustad: Hmm.. Her er det mange å velge mellom. Den førebels siste her på Tjelta ligg godt an.
Kva meir burde vore med her?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar