Sider

tirsdag 22. april 2008

Hardt å vera misjonær

Eg innser at det er sjanselaust å gi ein rapport om alt som har skjedd sidan sist blogginnlegg. Difor får du nøya deg med å lesa om statusen her og no. Og nok med det.

Eg er for augneblinken i Arusha. Går på språkskule om dagen, gjer kontorarbeid på ettermiddagane og i helgene, og gjer leksene om kvelden. Og når tønnene me sende frå Noreg i september endeleg kom fram, blei det nok å finna på. Tida flyg.




Tønneutpakking på ungkarsvis....











Sist helg fekk eg dessutan eit tilbod eg ikkje kunne seia nei til. Ove ettåring og Eivind pilot skulle ut og campa i villmarka utanfor byen og eg fekk vera med. Me tente bål, steikte egg og bacon og sov under open himmel med fullmåne på. Storkos, i alle fall heilt til det byrja å regna.

















Dagen etter køyrde me (Ove på motorsykkel) nordaustover mot slettene ved den einaste aktive vulkanen på kontinentet, Oldonyo Lengai. Vegane var det så som så med, men for øvrig var det heilt nydelege område - grønt og frodig, masse dyreliv.  Det er jammen hardt å vera misjonær i slike stunder...











Frukost ein regnfull morgon

















Flott, steinlagt veg










Som du ser, er det ein liten sving på vegen akkurat her

















Ove fyller bensin i Kitumbeine





































Typisk Ove











Småfint. Oldonyo Lengai til høgre.









Så mange struts har eg aldri sett før. 39 stykk i ein flokk.

Ingen kommentarer: