Sider

fredag 21. mars 2008

Feil stad til feil tid

Akkurat no skulle me etter planen ha vore i 40 graders varme på Zanzibar på påskeferie. Neste veke skulle me ha vore på konferanse i Nairobi. Etter det skulle me ha jobba med litteratur i Arusha, før me skulle hatt tre nye veker på språkskule i Usa River.

Men sånn er det jo ikkje.

Akkurat no er me på hytta til Terje og Torunn. Snøen fyk i kulingfart utanfor og det er nesten 4 kalde grader. Ingen av oss skal på konferanse neste veke, sjølv om Knut skal ut ein tur i april og mellom anna få med seg tre veker språkskule. Men utover det blir me alle verande i Noreg til over fødselen i august/september.

Sjølv om det naturlegvis er kjekt å vera i Noreg att og få tid saman med familie og vener, kjenner eg på at eg er på feil stad akkurat no. Me hadde så vidt funne flyten i Arusha før me måtte reisa att. Og me treivst veldig godt.

Noreg er bra. Det er fantastisk å vera på besøk både hos mor og far og mamma og pappa. Men eg lengtar til Arusha. Borte bra, men hjemme best!

Ingen kommentarer: