Sider

søndag 24. januar 2010

Kjeks- og singelliv


Det er ikkje berre-berre når kone og to ungar reiser vekk i tre veker. Det vert mindre (skikkeleg) matlaging enn vanleg (les: kjeks og sjokolade), og nokre av matvarene vert difor godt vaksne før dei vert tekne ut av kjøleskåpet og kasta. Kveldane veks også, og vert fort i det lengste laget. Men hallo, det er relativt reint og ryddig her likevel - takka vere hushjelp og barnepassar, som begge held meg i øyrene. Ikkje bokstavleg tala, altså.

Andreas og eg har det fint. Sjokoladebananar er tingen.

Og kor er så dei andre? I snøen på Sviland, naturlegvis. Tomas har vore på tre kontrollar av nyrene, og det ser ikkje altfor godt ut. Fleire av ekspertane har sagt at det ser ut til å måtta bli operasjon. Kva gjer me i så tilfelle? Ein operasjon medfører hyppige kontrollar i to-tre månader i etterkant, minst. Betyr det at me må bryta opp frå Arusha endå ein gong?

Førebels må me berre ta ein dag om gongen, og leggja det i hendene på han som har betre oversikt enn nokon av oss.

5 kommentarer:

Marit og Leif Thingbø sa...

heia dokke to....
flott bilde av Andreas...og jeg synes å skimte ett kors utpå regnbuksa hans. Helt som det skal være på et misjonærbarn...ellers, vi fortsetter å huske på dokke. Hakuna kitu ambacho kinashinda Mungu! klem fra Katesh

Kjerringa sa...

Hørres ut som om du har klart deg bra Knut. Så herlige guten var på det bilde. Dåkke har nå møje og. Det er godt me kan stola på Gud at han har kontrollen.

Reier sa...

@Marit: Bildet er frå konfirmasjonen til Amani, der dei minste naturlegvis troppa opp med både regnbukse og gullkors.

@Viervegen: Om eg klarar meg bra? Den dommen vil nok falla først når eg går på vekta den 8. februar...

Bente og Anders Sandal Olsen sa...

Godt å høre at "gutta boys" koser seg med sjokolade og kjeks....
Det hadde det blitt mye av her også hvis ho mor var vekke. Også cornflakes da :)
Vi husker på dere alle 5, og håper alt ordner seg på en god måte for dere. Klem fra Haydom

Reier sa...

Ein av dei næraste dagane kjem ein aldri så liten video her som de bør sjå. Say no more.